Det ser ut som linken som peker hit ikke fungerer. Prøv å søke i stedet.

Svedjenepa – en del i prosjektet “Finnskogmat – for bolyst och grönn turisme”

Svedjenepa gjenoppstår på Finnskogen Svedjenepa har ikkje vorte dyrka på Finnskogen sida første halvdel av1800-talet. Ikkje før no. Av Marit Bendz Etter nærare 200 år har ho endeleg kome heim. No står eit par hundre til tørk i drivhuset på Furuberget, før dei skal på lager i jordkjellaren til Merete Furuberg. Jakta på gamle frø Sjølv står ho på kjøkenet og kuttar dei sprukne og skada opp i ei elggryte. Berre dei perfekte skal på lager og gje masse frø neste sommar. Difor står eit par centimeter av stilken att. Svedjenepa var den viktigaste matveksten i den skogfinske mattradisjonen (kaskinauris – svedjekål – på finsk). Men ho er utrydningstruga, som så mange andre gamle sortar. – Eg fann nokre svedjenepefrø frå Finland, men den varianten vart mykje større og høyrer til ei anna line av svedjenepa, forklarer Furuberg. Men Stephen Barstow, plantefagleg rådgjever i KVANN, klarte å få tak i nokre frø av den autentiske Finnskog-nepa på svensk side av Finnskogen. Desse har no kome heim til den norske sida også. Svedjenepene til Merete har kome i tre fargar; lilla, gulgrøne og kvite. Dei er meir flatklemte enn runde. – Både smaken og utsjånaden kan minne om kålrot, men smaken er kraftigare. Du kan samanlikne det med svak chilipepar i forhold til paprika, forklarer småbrukaren på Furuberget.   Det levande frølageret Merete Furuberg, som er styreleiar i KVANN, hadde ein plan i vår om å svedje, altså brenne skog slik skogfinnane alltid gjorde før dei sådde. Men ting går ikkje alltid som planlagt. – Eg hadde tenkt å så både svedjerug og svedjenepe på gamlemåten, men det vart tørke tidleg på sommaren, så styrtregn. Eg var redd dei dyrebare frøa skulle bli øydelagde, så dei kom ikkje i jorda før i august. Men svedjenepa veks fort, det tek kring 50 dagar frå såing til moden grønsak. Feltet er gjødsla med talle frå geit og sau, elles ingenting. – Eg får prøve att med svedjing neste år, seier den ukuelege optimisten. Etter ei veke i uoppvarma drivhus, skal svedjenepene på lager i luftige ifco-kassar i den gamle jordkjellaren på Furuberget. Der er det 4 gradar same kor varmt eller kaldt det er ute. Gjennom vinteren må Furuberg jamleg sjekke kassane for råte. Ho har dyrka og lagra mykje grønsaker opp gjennom åra, men aldri anna enn potet for å sette ut att året etter. Det vert spennande om ho får det til. – Eg håper dei byrjar å lee på seg, og oppfører seg som «pottisar», seier ho. I mars skal svedjenepene ut i lyset, til groing omtrent som potet. Når jorda er lagleg, skal dei ut i åkeren og lage masse frø, då må ho passe på at det ikkje vert noko krysspollinering med andre krossblomstra vekstar, då kan det bli mykje rart som iallfall ikkje er svedjenepe.   Vegen vidare for svedjenepa Svedjenepa er nemnt i reiseskildringane til Finnskogens apostel, Carl Axel Gottlund i 1821, fortel Furuberg. – Potetene kom seint hit til Finnskogen. Men då det vart forbode å svedje og potetprestane også nådde skogfinnane, måtte våre forfedrar og formødrer gå over til å dyrke poteter. Difor forsvann svedjenepa. Men kvar skal svedjenepa leve vidare no? Kven skal få frø? Om ho vert dyrka andre stader, med anna jordsmonn, klima og ver, vil ho endre seg over tid. – Då skogfinnane brende seg vestover, flytta dei over klimagrenser og vekstsoner, endra gena seg endra seg sakte for å tilpasse seg nye forhold. Dei vart adapterte, fortel Merete Furuberg, som trur at det beste er om svedjenepa vert dyrka der ho naturleg høyrer heime, altså på Finnskogen. – Men klimaet endrar seg her også, funderer Furuberg. Stephen Barstow er samd i at ein bør avgrense frødyrking av svedjenepa til Finnskogen. – Om eg skulle halde fram med dyrking av svedjenepe i Trøndelag, vil eg kunne kalle den Svedjenepe Væres Venner linje, eller liknande namn andre stader. På grunn av aktiv dyrking og frødyrking, vil svedjenepa endre seg etter kvart, men det han ho alltid gjort, ho må berre tilpasse seg raskare no.     svedjenepe kvit eller svedjenepe lilla (best): Foto:Merete Furuberg   Svedjenepene kjem i tre fargar; lilla, kvite og gulgrøne. Foto: Merete Furuberg sådd i august: Alle frøa spirte, sjølv om dei ikkje vart sådd før i august på grunn av tørke og styrtregn Foto: Merete Furuberg   jordkjellar: I denne særeigne skogfinske jordkjellaren til Merete Furuberg skal svedjenepene overvintre. Foto: Marit Bendz   Frödetektiv Stephen Barstow klarte å finne frø frå den autentiske Finnskog-svedjenepa i Sverige. Her er han under opninga av løkhagen i Ringve botaniske hage i haust.